Om Stryvo
Stryvo er ein sterkt veksande totalaktør innan bearbeiding av metallprodukt.
Veksten vår skuldast etter vår meining først og fremst satsing på avansert teknologisk utstyr og på kvalifisert personale.
Stryvo er ei bedrift med kreativitet som varemerke, i tillegg til at vi har lagt stor vekt på å vere ein solid og allsidig leverandør av bearbeida stål og metall.
Kunnskap og teknologi
Stryvo har sitt utspring frå Stryn Vognfabrikk som vart stifta i 1947 av Mathias Bøe saman med søskena Hans og Rolv.
Etter tusenårsskiftet har bedrifta tatt med seg god gammal handtverkskunnskap inn i ei moderne bedrift, der dei fleste arbeidsoppgåver i dag vert utført av CNC styrte maskiner.
Vår satsing på teknologi og kunnskap, har gjort det muleg å rekruttere kvalifisert arbeidskraft inn i bedrifta. Dette har igjen vore bidrag til at vi klarer å halde kvalitet og leveringstider samtidig som vi har kraftig vekst.
Helse, miljø og sikkerheit
Stryvo har stor fokus på HMS. Vi tilstreber eit sunt arbeidsmiljø, og vi har som mål å unngå yrkesrelatert helseskade eller forureining av miljøet. Dette gjer vi ved å satse på moderne bygg og maskiner, gode rutinar for kontroll, opplæring samt bruk av miljøvennleg energi i våre anlegg.
Vi tenkjer alltid sikkerheit i alle våre operasjonar, og forsøker alltid å redusere risikoforholda ved alle våre virksomheiter.
Kvalitet og leveringspresisjon
Stryvo har hovudtyngda av sin kundeportefølje blant olje- og skipsindustrien. Både store og små aktørar er våre kundar, og mange av desse leverer produkt på det internasjonale marknaden.

For våre kundar er vi eit kreativt verktøy, med brei kompetanse og stor entusiasme. Vi løyser ofte problem på kort tid, enten innanfor våre vegger eller saman med våre B2B partnerar.
Vi har som mål å ekspandere kontrollert innanfor våre satsingsområde. Vi vil bygge bedrifta til å vere blant dei beste i landet når det gjeld kvalitet og leveringspresisjon.
Vi vil så langt muleg vere ein fleksibel aktør for våre kundar, der kompetanse og teknologi skal utviklast mot eit optimalt produksjonsmiljø.
Vi ønskjer nye og spennande kundegrupper velkommen. Saman kan vi bygge kompetanse og utvikle produkt i spennande miljø.
