Historie

Stryvo har sine røter frå Stryn Vognfabrikk, stifta i 1947 av Mathias Bøe saman med søskena Hans og Rolv.  Frå å være leverandør av arbeidshjul og vogner for hest med si glanstid på 50-talet, var Stryn Vognfabrikk lenge ei lokal bygdesmie.

Smarte og robuste løysingar har vore varemerke til Stryn Vognfabrikk i alle år.  Kunnskap og kvalitet har gjeve bedrifta stabil kundemasse gjennom skiftande tider, og vore medverkande til vekst og nye forretningsområde, spesielt etter tusenårsskiftet.

Ei smie på 50m² vart oppført i 1947, og her sysselsette Stryn Vognfabrikk 7 personar på det meste, fram mot 1953.  Då kom gummihjula på marknaden, og Stryn Vognfabrikk mista mesteparten av grunnlaget for produksjonen. 

Nye forretningsområder
Nye forretningsområder vart uttesta, og med berre Mathias Bøe som smed, vart nybygg på 230m² ferdigstilt i 1960.  Stryn Vognfabrikk vart i denne perioden retta meir og meir mot stålbransjen, og patenterte snøfangerar og plantehakker var viktige artiklar i mange år.

Neste byggesteg kom i 1984, då gamlesmia vart erstatta med 200m² nybygg.  Stryn Vognfabrikk utvida samtidig til 2 tilsette.  Produksjon var retta mest mot bygningsindustrien og landbruket, og smia dreiv også meir med entreprenørverksemd i denne perioden.

Større ekspansjon

I 2000 starta ein større ekspansjon i Stryn Vognfabrikk.  Fleire tilsette kom til, og ein flytta frå smia til 1200m² nye lokale i industriområde i Stryn sentrum i 2002.  Her var sveiseavdeling og dreieavdeling, og produksjonen retta seg etterkvart mot større aktørar i industrien.

Vidare ekspansjon gjorde større lokale nødvendig.   Nybygg stod ferdig september 2008, og  totalt disponerer  Stryn Vognfabrikk med dette 3500m² fabrikklokale. 

Stryn Vognfabrikk endra også i 2008 selskapsform frå enkeltmannsforetak til aksjeselskap, og endra då namn til Stryvo AS.

Ved innflytting i nye lokale september 2008 tel bedrifta 30 fast tilsette.