Ledige stillingar

Bli med på laget vårt!


STRYVO er ein totalleverandør av produkt for olje- og gassindustri, maritim sektor og installasjoner på land.

Vi er ISO sertifsert etter 9001:2008. Som leverandør til nokre av verdas mest krevjande kundegrupper, må vi heile tida ligge i tet når det gjeld kompetanse, kvalitet, leveringspresisjon og dokumentasjon.

Totalt er vi omlag 30 medarbeidarar fordelt på adminstrasjon, maskineringsavdeling, sveiseavdeling og skjæring / knekking. Vi arbeider med moderne maskiner på alle avdelingar, og har høgt fokus på bruk
av ny teknologi relatert til produksjon, planlegging og dokumentasjon.

STRYVO er inne i ein spennande fase med mange nye prosjekt og kundegrupper. Er du ein positiv og kreativ person med vilje og evne til å skape resultat, så er du velkomen på laget.

Maskinoperatør avansert metalldreiing

Stryvo søkjer etter maskinoperatør for avansert dreiing.  Stillinga består av progarmmering og køyring av avansert multispindel CNC dreiesenter, type Multus B400W med Okkuma OSP P20L styring.  Du bør ha god bakgrunn frå metalldreiing.  Det er ellers fordel med kjennskap til programmering av dreiesenter.  Opplæring vil forøvrig bli gitt.

Stryvo held til i Stryn i nye moderne lokaler.  Vi er ei bedrift med dyktige og entusiastiske medarbeidarar.  Arbeidsoppgåvene våre er svært allsidige.  Felles for oss alle er at vi bruker moderne teknologi saman med høg kompetanse for å utvikle oss sjølve og bedrifta vår mot å bli blandt dei ypperste i vårt slag. 

Hovedarbeidsoppgåvene våre er leveranser til maritim bransje og  olje / gass. 

Viss du er ein person som liker å jobbe i team, men som ikkje er redd for å ta ansvar for eigne arbeidsoppgåver og besluninger, er vi svær interessert i å kome i kontakt med deg. 

Snarlig tilsetting.
Søknadsfrist: 31. desember 2011

Kortfatta søknad med CV sendast til post@stryvo.no